
LAUGET TRENG SOMMARHJELPER
Lauget har behov for sommarhjelper for sesongen 2026, med moglegheit for vidare tilsetjing etter sommaren.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer deg som er 15 år eller eldre.
- Du må vere punktleg og pliktoppfyllande.
- Du kan gjerne ha jobberfaring frå før, men det viktigaste for oss er di positive innstilling og engasjement for jobben og kundane.
- Du må beherske eit skandinavisk språk og gjerne engelsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundehandsaming
- Kaffilaging
- Servering
- Rydding
- Reinhald og oppvask
Praktisk informasjon
Arbeidstid vil variere noko, men i sommarferievekene vil det vere 07:30-20:00, og eventuelt til 00:00 for dei som er over 18 år.
Arbeid under arrangement og skjenking er også aktuelt for dei over 18 år.
Stillingsprosent vil variere ut frå sesong og behov.
Vi prioriterar dei som kan jobbe heile sommaren, og under Sandanedagane. Oppstart på opplæring so snart som råd, seinast 1.juni 2026.
Søk so snart som råd
Send søknad med CV og eventuelle referansar til hei@kaffibar.no so snart som råd.
Har du søkt før og vil bli vurdert på nytt i denne runda? Send oss ein e-post.
Spørsmål om stillinga kan sendast til den same adressa.