
Vi treng ein bakar!
Lauget er ein liten kafé og kaffibar på Sandane i Gloppen. Vi bakar brød, søt gjærbakst og wienerbakst.
Vi ynskjer deg som har fagbrev i bakarfaget. Grundig opplæring vil også bli gjeve.
Du må kunne jobbe noko nattetid, men mest tidleg morgon (frå 06), fem dagar i veka med relativt fast rullering. Stillinga er 100%, og vi ynskjer å tilsette nokon fram til august 2027, med moglegheit for forlenging.
Oppstart på opplæring so snart som råd, seinast 1.mai 2026.
Du må beherske eit skandinavisk språk og/eller engelsk. Du vil få stort ansvar åleine, og moglegheiter for å ha kreative innspel på produksjonen.
Dette er ein unik sjanse for deg som ynskjer å jobbe som bakar, i den vakraste bygda i Noreg!
Vi kan hjelpe med å skaffe bustad dersom det er naudsynt.
Vi ser etter ein som har stor arbeidskapasitet og eit brennande ynskje om å vere med å skape den gode Lauget-stemninga gjennom deilig bakst!
Søknad med CV og referansar sendast til hei@kaffibar.no so snart som råd
Spørsmål om stillinga kan sendast til den same adressa.